Rolvsnes

59° 52' 12" N 05° 09' 47" E

RE/KONSTRUERT

Introduksjon

'Rolvsnes' er digital arkeologi - utgraving av elektronisk informasjon. Med ein avgrensa geografi og historisk djupne, er målet å få opp alt.

Denne råvara vert so brukt til å produsere ny informasjon og forståing. Maskineriet består av kartografi, genealogi og andre teknologiar. Dei fleste er stolne frå oppfinnarane.

Ambisjonen er enkel - re/konstruksjon - å vise noko som alltid har vore tilgjengeleg, men som ein aldri har sett før.

Prosjektet kjem aldri til å bli ferdig, og til den tid er alle feil mine.

Plassen

Ein plass dukkar opp på eit kart fyrst som form. Etterkvart får forma eit namn og grenser. Vidare vert kartet berre meir detaljert og nøyaktig.

Sjølv om ein plass finst utan å vera nedteikna på eit kart, er det fyrst når plassen kan finnast ved hjelp av eit kart at han slepp fri frå lokalkunnskapen og vert låst inne i ein administrativ posisjon.

Dioecesis Stavangriensis

1640

Dioecesis Stavangriensis

Det me kjenner igjen som Bømlo i dag dukker opp på det eldste kartet me har som ein dolk i havet. Den er gitt namn etter prestegjeldet Findaas. Dei tre andre øyane er mest sannsynleg Moster, Espevær and Gissøya.

Kongeriget Norge afdelet i sine fiire Stifter

1761

Kongeriget Norge afdelet i sine fiire Stifter

Bømlo er redusert til to øyer, men meir forvaltningsinformasjon er teke med. Som ein del av Findaas prestegjeld er sokna Moster, Bremnes og Bømlo synlig på kartet.


Carte over Kongeriget Norge

1774

Carte over Kongeriget Norge

Fleire detaljer dukkar opp. Bømlafjorden er synleg i sør. Siggjo, Vespestad, Børøy, Spissøya og Aga er teken med. Den nordlege delen av øya er no ope hav.

Det Sydlige Norge

1785

Det Sydlige Norge

Rolvsnes er endeleg på kartet og øya har fått namn. I tillegg til Bommeløen er 20 andre stadnamn teken med - øya ser til og med ut som ho skal.

Portefølje nr 18

1856

Portefølje nr 18

200 år etter det fyrste kartet, kjenner ein igjen dagens Rolvsnes. Både gardsnamnet og bygda har fått namn. Topografien er med for fyrste gong og viser det terrenget me kjenner til i dag. Busetnaden består av tre hus som sannsynlegvis tilsvarer dei tre hovedbruka på den tid.

Norgeskart

2015

Norgeskart

Dagens kart synleggjer eigedomsgrenser, kraftliner og veier. Topografien er detaljert med høgder og djupne på vatn. Kvar einaste bygg er teke med.

 

Rolvsnesingar treng ikkje kart for å vite kvar dei er fødde og oppvaksne. Men når ein legg til ein tidsakse på eit kart, får rommet ein ny dimensjon, og ei betre forståing er mogeleg.

Ein kronologisk vegvisar i forvaltninga

Rolvsnesingen er bømling, men berre sidan 1964. Det rolvsnesningen kaller skatt i dag, gjekk til Sunnhordland og Hardanger Fogderi etter at Danmark tok makta. Før den tid, og heilt sidan vikingtida, hadde rolvsnesningen ein del av det kollektive ansvaret i Føyen skipreide for å byggje, utruste og bemanne eit skip til leidangen ("forsvaret"). Fyrst som sist, og uansett namn i mellomtida, er rolvsnesingen av hordafolket.

Sidan garden dukka opp på kartet har Rolvsnes vore ein del av eit administrativt hierarki med fleire styringsnivå.
Til dømes var Norge i 1866 inndelt i:
Sivil inndeling: 6 Stift = 20 Amt (Fylke) = 55 Fogderier = 486 Kommuner
Geistleg inndeling: 6 Stift/Bispedømme = 77 Prosti = 416 Prestegjeld = +1000 Sokn
Rettsleg inndeling: 1 Høgsterett = 5 Lagdømmer = 77 Sorenskriverier = 377 Tinglag

Fortel meir

Namnet

Rå'llsnes

Kor kjem namnet frå og kva betyr det? Er det so enkelt som at neset var Rolf sitt?

Rolfr (opr. Hrólfr) meget udbredt Navn allerede i den ældste
Tid og meget brugt indtil Nutiden; i Sammensætning tildels
udsat for Forvexling med Róaldr [jrf. NG. III 291], ligesom
Ogsaa undertiden med Refr [og med Reiðulfr NG. III 311.]

(Rygh, O. Gamle Personnavne i norske Stedsnavne, 1901)

Eller kan det vere noko i at farvatnet var farleg og fullt av rev?

Ei kronologisk re/konstruksjon av namnelinje

Spor etter stadnamn finn ein i kart, manntal og skatte- og eigedomsregister. Motivasjonen er den samme som i dag - å kartleggje ressursar for staten. Endringar i språket over århundre har stor verknad på stavemåten.

Roffnes

H.O Lunde, Rolfsnes, Åse og inngifte slekter, pp21

1563

Rolsnnes/Rolfsnness

O. Rygh: Norske Gaardnavne

1567

Rosnes

Bømlo bygdebok I

1597

Rolsznes

Bømlo bygdebok I

1601

Rollsnes

Bømlo bygdebok I

1611

Rollsnes/Roelsness

Bømlo bygdebok I

1612

Rolszness

Bømlo bygdebok I

1627

Roelsnes

Skattematrikkelen 1647

1647

Rolfnæs

Sogneprestenes mantall

1664

Rolsnes

Manntallet 1701

1701

Rosnes

Det Sydlige Norge

1785

Rolfsnæs

Portefølje nr 18

1856

Rolfsnæs

tbc

1861

Rolsnæs

tbc

1867

Rolsnes

Bømlo bygdebok I

1890

Rolfsnes

tbc

1904

Rolvsnes

5424 Rolvsnes Brevhus I

1958
Fortel meir

Flyfoto

Med dagens teknologi sveiper satelittar verda og tar bilder av stader med ein frekvens som gjer våre visuelle inntrykk mest overflødige. Før denne tid var fotografi teke ifrå fly. I utkantstrøk var desse visittane so sjeldne at dei er hugsa og bevisa heng framleis på stoveveggen.

På ein sommarsdag i 1962 fekk Rolvsnes besøk av eit fly frå Fjellanger Widerøe og garden vart foreviga.

Rolvsnes (mot nordaust)

Soltun (ein del av 1219-76/10)

Rolvsnes vik

Rolvsnes (mot aust)

Solheim (1219-76/8)

Rolvsnes (mot aust)

Heimly (ein del av 1219-76/16)

Rolvsnes (ein del av 1219-76/1)

Dalen (1219-76/26)

 

Kvar for seg gir dei ulike fotografia berre ei delvis forståing av Rolvsnes. Folk som kjenner plassen kan lett kombinere desse til ein heilskap i sinnet. Men for alle andre so kan desse bilda vera kor som helst i Norge.

Ein panoramisk re/konstruksjon av Rolvsnes i 1962

Piloten og fotografen såg noko anna den dagen i 1962. Me har ikkje tilgang til det som er igjen av minnet deira, men me kan re/konstruera ein del av inntrykket.

Det som vart fanga på film i løpet av nokre få sekund dukkar opp igjen som noko som aldri har vore sett sidan.

Fortel meir

Garden

Bygda og dei få husa som er synlege i panoramaet ovanfor var ein gong ein del ein enkel husmannsplass.

For over tre hundre år sidan vart eigedomen til to. Eit århundre etter vart to eigedommar til tre, og ein generasjon etter, til fire.

Før 1700 var Rolvsnes ein gard

I 1700 vert Rolvsnes delt i to: A og B

I 1797 vart Gard A delt i to

I 1825 vart Gard B delt i to

 

I tillegg til fiske trong ein mykje eigedom for å få nok ut av jorda. Odelsrett og ekteskap sikra at eigedom heldt seg innan familien. Etter fyrste verdskrig, nesten eit århundre etter den tredje utskillinga, var det framleis berre 8 eigedommar på Rolvsnes.

Sjølv om dette talet dobla seg i løpet av den neste generasjonen, er det i tiåra etter andre verdskrig at Rolvsnes blir parsellert. Det er då kvardagen endra seg på Rolvsnes og dette ser ein svært tydelig i eigedomhistorien.

Ein kartografisk og kronologisk re/konstruksjon av eigedom på Rolvsnes

Det livet som kom i frå havet og jorda vart for lønnsmottakaren til eit liv med husbankhus og bil. Industrien erstatta sjølvberginga.
Det er meir enn 200 separate eigedomar på Rolvsnes i dag.

Fortel meir

Eigedom

Kvar kjem eigedom ifrå? Kvifor vert ny eigedom til? Kvart einaste skøyte fortel ei historie.
Fyrstefødde søner arvar; Enkjer giftar seg igjen; Kjøp og salg er i verk.
Lignande eit slektstre med berre mødre, er eigedom fødd frå annan eigedom.
Berre ei 'mor' trengs, og det er sjeldan ein eigedom er skilt ut ifrå to.

Gjeld og skatteplikt fragmenterer med eigedomen og føl nye eigarar.

'af hver fuldgaard udi dette aar skal gives til skat 6 rigsdaler,
hver halvgaard 3 rigsdaler og af ødegaardene og andre efter advenant
og dermed være forskaanet for alle andre skatter'

(Skattebrevet av 24. april 1646)

For Rolvsnes tilsvarte dette 1 laup smør og 1 hud.
1 laup smør = 3 bismerpund = 4 spann = 72 merker = 16.2 liter
1 hud = 4 fjerdinger = 2 bukkeskinn = 4 geitskinn = 8 saueskinn = 16 kalvskinn

Ein genealogisk re/konstruksjon av eigedom på Rolvsnes

All eigedom kjem ifrå ein plass.
Slektstreet av eigedom på Rolvsnes har alltid lege der, godt gøymt i gamle skøyte.
Men det er fyrst når ein relaterer avkommet med opphavet at det kjem til syne.

Slik les ein diagrammet:
Tid og eigarskap flyt frå venstre til høgre.
1219-76/10 er den 10de eigedomen på Rolvsnes (76) i Bømlo kommune (1219).

Fortel meir

Takk

Sjølv om prosjektet aldri kjem til å bli ferdig er det mange å takka før den tid.

Takk til Lars Arild Bukkøy for inspirasjon og arbeid med slektstreet på Rolvsnes.
Takk til Helga Knutsen (mamma) for hjelp med språkvask.
Takk til Henrik O. Lunde som skreiv og gav ut Rolfsnes, Åse og inngifte slekter.
Takk til gjengen på Rolvsnes (Facebook) for motivasjon.
Takk til Mike Bostock som har gjordt visualisering lett for lekmenn.
Takk til Knight Lab (Northwestern University) for ei flott tidslinje.
Takk til Lightbox for bildevisning.
Takk til HTML5 UP som gjer det lett å lage responsive nettsider.
Takk til Kartverket for å ha gjordt historiske kart tilgjengelige.
Takk til CodyHouse for ei flott vertikal tidslinje.
Ingen takk går til Stortinget som ikkje klarer å opne data og gjere det som er vårt tilgjengeleg for alle.